Malene Sørenes skåra for Falkeid, men dei tapte 5-1 for Klepp. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Malene Sørenes scoret ett mål i kveld. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Nedtur for Falkeid-jentene

Klepp vann 5-1 og har eit godt utgangspunkt før returkampen i Stavanger på torsdag. KM-finalen blei ein skikkeleg nedtur for Falkeid.

Malene Sørenes sendte heimelaget i leiinga etter 19 minutt. Etter det blei det vanskeleg og gjestene stoppa ikkje før det sto 5-1.
– Me gav vekk for lette mål og var ikkje så gode som me brukar å vere. Kjipt å tape ein slik kamp, meinte Sørenes.

Meir om kampen i papiravisa på torsdag