Sei i frå

Denne veka legg rådmann og økonomisjef fram eit forslag til budsjett for Tysvær, både med tanke på neste år, men også åra framover mot 2019.

Trådane er tydelege. Me skal spare, slik at me kan investere i nytt og betre.
På ein måte er det ord som me likar å høyre. Dårlege bygg og tenestar kan bytast ut med det som er billigare og betre å både eige og drifte.
På ein annan måte er det også eit signal om at det blir dyrt å bu i Tysvær i åra som kjem. Avgifter og prisar på tenester vil garantert stige. Tomter og kulturtilbod det same.
Likevel skal me være varsame med å klage.
Den økonomsike utviklinga me har sett dei siste sju åra er formidabel, og noko nabokommunane våre berre kan drøyme om. Tysvær kommune var ved ein krossveg. Minus og stadig meir lånegjeld i rekneskapen var i ferd med å kjøre «gasskommunen» i grøfta. Ein sto framfor å gjere upopulære val då, eller vente til det var for seint.
Saman klarte rådmann Arvid S. Vallestad og økonomisjef Tor Leif Helgesen kunststykket å få politikarane med på å bremse, og å snu kvar stein, og finne ut korleis ein kunne drive Tysvær i pluss, slik at ein kunne få midlar til dei store økonomiske utfordringane som venta der framme i horisonten.
Nå kan ein seie at skydekket der framme var så pass mørkt at sjølv den største optimist skjøna at det var på tide å bremse. Ikkje alt i prosessen med å kartlegge kor ein sto, er like imponerande. Det kunne fort ha enda i grøfta då Agenda Kaupang skulle lære oss korleis det skulle gjerast.
Men igjen gjorde dei folkevalte og administrasjonen gode grep. Dei lytta med eit øyra og tilpassa råda dei fekk til å fungere i Tysvær. Upopulære avgjersler blei tatt. Spareplanar blei presentert og gjennomførte. Minus sju millionar er i ferd med å bli til pluss 40 millionar kroner i året.
Tysværbuen har tatt sin del av jobben. Dei tilsette i kommunen det same. Politikarane har lagt vekk valflesk og «tatt til vet», kor det tidlegare blei handla over ein låg sko.
Det betyr at me alle kan slå oss til brystet og seie at me i saman har skjønt alvoret. Tysvær kommune kan, for ei tid i alle fall, stå rakrygga å seie at me har klart det. Me kan sjå framover og gjere kloke investeringar.
Budsjettet for neste år er så ope at nå er det på tide å seie i frå til dei folkevalte, som har ein månads tid på seg til å flytte på postar.
Kva treng me? Kva vil me bruke pengar på? Kva er dei små tinga som er så store for deg, men som blir gløymt i det store bilete?
Gi beskjed til dei 29 som er valt inn, det er derfor dei er der. La den nye ordføraren, Sigmund Lier, få kjenne på det og merke at folk i Tysvær bryr seg. Om seg og sitt, men også om Tysvær kommune.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør