Resultatutviklinga i Tysvær for perioden 2007 til 2016 har vore svært positiv. Frå raude tal og minus sju millionar i 2007, ser ein føre seg eit overskott på 36,5 millionar neste år, eit tal som berre stig om ein skal tolke prognosane fram til 2019.
– Det er ingen tvil om at me nå ser resultat av spareplanane som er vedtekne og gjennomførte dei siste åra. Dette har også gjort sitt til at me nå har stabilisert ei netto lånegjeld rundt landsgjennomsnittet. Det betyr at me ved inngangen til ein ny økonomiplanperiode for 2016-19 har sikra oss eit godt økonomisk handlingsrom, noko som er unikt om ein ser rundt seg, og samanliknar oss med andre kommunar, seier rådmann Arvid S. Vallestad.
Klokt
Om pilene ikkje peikar rakt inn i himmelen, peikar dei uansett rett veg. Oppover.
– Eg oppfordrar nå at ein nyttar denne økonomiske situasjonen klokt og støttar opp om arbeidet med omstilling og sparing, og finn gode og bærekraftige løysingar for framtida, seier rådmannen.
For det skal sparast også dei kommande åra.
Les om budsjettet i vår papirutgåve
Eller kjøp den her: https://tysver-bygdeblad.no/e-avis/