Vetle Lid Larsen, Eirik Jensen og Hanne Kristin Rohnde samla over 200 til bokbad i storsalen i Tysværtunet. Det blei eit fantastisk punktum for ein lang og vellukka litteraturfestival.
I løpet av dagen i dag vil arrangørane ha talt opp besøket under årets festival som var den niande i rekkja.
– Det blei ny rekord. Den nye rekorden for besøk på arrangement og forfattarmøter gjennom bLEST-festivalen er 4.675. Samstundes var det ny rekord for «tett på» konseptet i storsalen, seier kultursjef Ingvar Frøyland .
Neste år blir det bLEST frå 28.oktober til 3.november.