Tysvær Brass blei nummer 10 under Siddis Brass 2. divisjon i helga. Foto: Privat
Tysvær Brass blei nummer 10 under Siddis Brass 2. divisjon i helga. Foto: Privat

Best på Haugalandet

Tysvær Brass imponerte stort under Siddis Brass i helga. 10. plass i 2. divisjon gjer at dei er det beste brasskorpset på Haugalandet for tida.

Og det har ikkje komme lett denne hausten. Det har gått i rykk og napp og førebuingane har ikkje vore dei beste.
Men på scenen i Stavnger konserthus leverte dei, og fekk 85 poeng for framføringa og sju tilleggspoeng av dommarane. 92 poeng totalt av maksimum 110.
– Det var me svært godt nøgde med. Oppladninga har ikkje vore den beste, men det er tydeleg at kvar enkelt har jobba mykje heime med stykket. Dette var ikkje eit av dei vanskelegaste stykkene, men det var viktig å få god lyd, rett klang og ei rein framføring. Då me gjekk av scenen var me sånn passe nøgde, seier Angela Helen Andersen Gard.

Jubel
Men då dommarkarakterane var talt opp og ein begynte å lese opp resultatlista bakfra, kom smila fram for alvor i Tysvær-leiren.
– Eg veit ikkje kva me forventa. Me ville ikkje bli sist, og det gjekk greitt. Så leste dei opp eit etter eit korps, og mellom dei Stangeland, som har vore haugalandets beste så lenge eg kan hugså. Me var blitt nummer ti og da var det faktisk litt jubel, seier Andersen Gard.
– Kva nå? Det er eit NM i februar.
– Ja, det er eit godt spørsmål. Me må sette oss ned og sjå korleis me skal få dette til å fungere framover. Oppladningen til Siddis Brass var ikkje bra, men me fekk ein opptur eg trur alle musikantane vil ta med seg vidare. Me får sjå kva som skjer. Denne helga var ein skikkeleg opptur for oss, avsluttar Angela Helen Andersen Gard.

Tysvær brass viste godt igjen på scenen i konserthuset. Alle hadde tørka støv av bunadane sine og var eit flott skue.
Haukås Brass vann 2. divisjon.