Kor mange kjem til oss?

Flyktningstraumen i Europa er på ingen måte under kontroll. Rekordmange tar seg til Noreg kvar veke, og myndigheitene kjempar ein nærast håplaus kamp om å få kontroll.

Rogaland og Haugalandet må ta imot sin del, og tala på dei som er på veg, stig for kvar dag.
Spørsmålet mange i Tysvær stiller seg er sjølvsagt; kor mange kjem til oss?
Politikarane som skal handsame dette må også spørje seg kor dei skal bu.
Det er eit par plassar som skil seg ut, men då snakkar me om færre enn 100 flyktingar. Tysvær har tidlegare sagt ja til 20, så 30 og nå 60 flyktningar. Krisa i Europa krev mykje meir handlekraft enn det. På sikt.
Tysvær har ingen naturleg stad å ta imot store mengder flyktningar per i dag. Me har ingen store brakkeriggområde, eller hallar som kan byggast om på 1-2-3. Difor kan det vere ein tanke å sjå på om det er areal, som for ein periode, kan nyttast til å sette opp modular, som kan huse større grupper om det blir kravd.
Næringsparkane våre har store areal som må kunne nyttast til dette om flyktningstraumen held same tempo som i dag. Skal ein vere føre var, å tilby utleigarar av slike modular areal der?
Eit anna spørsmål er kva rolle politikarar og kommunens tilsette skal spele i denne «flyktningkrisa». For det er ei krise når talet på flyktningar blir så høgt at ein ikkje vinn over utfordringa.
Eg håper at dei som styrer Tysvær er på vakt, for her kan utfordringar komme rimeleg raskt.
Eit anna tema i denne dramatiske situasjonen er veksten av framandfrykt. Me kan godt støtte flyktningane, men ikkje her. Ein treng ikkje snakke med mange, eller leite lenge på nettet, før ein finn sterke meiningar om både det eine og andre når det gjeld denne utfordringa. Det er gode tider for dei som likar å hause opp og skape framandfrykt.
Oppfattinga av kven som kjem, korleis dei kjem seg hit og kva dei eigentleg vil her, er det mange bombastiske meiningar om.
Eg trur me skal vakte oss vel i desse tider. Nå må regjeringa og staten Noreg vise kva dei duger til. Nå må lokalpolitikarar og befolkninga vise kva me er laga av. Nå er tida moden for dei gode løysingane, kor me tenkjer først og snakkar etterpå. Flyktningkrisa blir ikkje betre, eller løyst, av at debatten handlar om framandfrykt og flåsete debattar. Ein skal fritt få ha eigne meiningar, men når ein les kva enkelte meiner, blir det flaut å sjå kor mange som heng seg på eit konstruert hylekor.
Skepsis, joda. Krav til myndigheitene, joda. Forventningar til kommunepolitikarar, joda. Eigeninnsats, joda. Det er lov å spørje, men la nå ikkje andre menneske sin fortvila situasjon bli til underhaldning på nett eller rundt kaffibordet.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør