Steffan Stollig Christensen blei passa godt på av Ole J. Borch og Fredrik Utengen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Steffan Stollig Christensen blei passa godt på av Ole J. Borch og Fredrik Utengen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

God stemning og godt spel, men tap

Haugaland HK tapte i kveld 24-29 for St. Hallvard. Mange hadde funne vegen til Sysco Arena.

HHK er i ferd med å bli ein Tysvær-klubb og gjer ein jobb på fleire frontar innan lokalhandballen. Difor var det kjekt å sjå at omlag 400 hadde møtt fram i kveld. Spesielt merka me oss ein stor gjeng frå handballgruppa til Falkeid IL.
Kampen mellom heimelaget og betre plasserte St. Hallvard enda altså med tap for dei raude. Men det var ein jamn kamp, kor fleire av heimelagets spelarar fekk vist seg skikkeleg fram. Men gjestane var hakket betre heile vegen og leia 16-14 til pause. HHK var oppe på 21-21, men derfrå og ut var gjestane litt for gode.

HHK – St. Hallvard

Haugaland 24 (14)
St. Hallvard 29 (16)
Sysco Arena
1. divisjon menn
Mål HHK: Olli Pekka Korpimäki 9, Adrian Wolf 5, Steffan Stollig 4, Ian Seistrup 4, Jon Robertson 1, Frederik Skov 1
Toppscorer St. Hallvard: Kim Haug 7 og Hermann Vildalen 7
Tilskodarar: 400
Domarar: Torbjørn Iversen og Øystein Aam