Etter at Hordfast nå skal heite Bokn - Bergen er skjansane for ein firfelts veg frå Bokn til Aksdal blitt meir aktuelle.
Rogfast. Ill: Statens Vegvesen

Alt klart for Rogfast

Då Bokn kommune vedtok to reguleringsplanar tysdag kveld nådde Rogfast nok ein milestolpe.
– Dette er gode nyheiter. I praksis har vi no godkjent reguleringsplanar for heile Rogfast, seier Tor Geir Espedal, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Han er glad for vedtaka i kommunestyret på Bokn, og at prosjektet har tatt eit stort skritt framover.
– Fylkesmannen si motsegn mot massedeponiet i Arsvågen står framleis att, men vi har god grunn til å tru at denne blir trekt. Vi såg at motsegna mot massedeponiet på Kvitsøy vart trekt, og det er mindre konflikt knytt til deponiet i Arsvågen enn det var på Kvitsøy, seier Espedal.
Han håpar på ei snarleg avklaring frå Fylkesmannen.
– Så snart det er på plass, blir prosjektet klart for ekstern kvalitetssikring (KS2). Det er det Finansdepartementet som styrer, men vi håpar at kvalitetssikringa kan gjennomførast i løpet av våren 2016, avsluttar Tor Geir Espedal.

Kva er Rogfast?

Rogfast er ein 26,7 kilometer lang undersjøisk tunnel under Boknafjorden.
Den skal ha to løp, med to køyrefelt i kvar retning.
Tunnelen skal gå frå Harestad i Randaberg til Laupland på Bokn, med ein 4 kilometer lang arm opp til Kvitsøy.