Har du høyrt om jazzgitaristen Haftor Medbøe? Ikkje?

Haftor Medbøe, Espen Eriksen og Gunnar Halle i studio. Foto: Privat

Himmel og hav…

Har du høyrt om jazzgitaristen Haftor Medbøe? Ikkje?

av Alf-Einar Kvalavåg

Ny plate

Terningkast 5

Ny CD
«The Space Between»

Skjermbilde 2015-11-30 kl. 15.34.36

Haftor Medbøe, gitar, Espen Eriksen, piano og Gunnar Halle, trompet
Losen Records
Utgitt: november 2015

Eit radiointervju på NRK og litt nervar har gitt oss eit herleg album.
Sist helg dukka CD-en «The Space Between» opp i redaksjonen. Haftor Medbøe er født i Noreg, men bur nå i Skottland. Etter fleire utgivingar meinte han tida nå var moden for å prøve noko nytt.
– Eg blei intervjua på NRK-radio av Espen Eriksen. Me blei etterpå einige om at han skulle komme over til Edinburgh og spele med meg på ein festival. Veit ikkje om det var nervar som gjorde det, men han spurte om det var OK å ha med ein kompis som spelte trompet. Slik kom eg i kontakt med Gunnar Halle, seier Medbøe.
Og desse tilfeldigheitene skulle vise seg å bli grunnlaget for «The Space Between».
– Eg lytta til platene dei to hadde spelt inn saman, og komponerte musikk i den same stilen. Eg fekk dei til å vere med på plata, og eg fekk samstundes prøve ut det å vere med i ein trio. Så nå ligg resultatet her, seier Medbøe.
Maritimt
La det vere sagt med ein gong. Dette er jazz i mi gate. Herleg blanding av gitar, piano og trompet. Noko eg faktisk skrifteleg har etterlyst i meldingar av plater gitt ut av grindebuen Espen Eriksen sin trio. Og her dukkar det opp nesten meir Espen Eriksen og Gunnar Halle, enn originalane sjølv.
Dette er ikkje komplisert. Det er fotokunst uttrykt gjennom musikalitet og nydelege små komposisjonar. Det er ingenting i lydbilete som irriterer, eller burde vore tatt vekk. Det er rett og slett ei plate ein set i spelaren og nyt. Samstundes kan eg forstå at det er dei som meiner dette er kjedeleg. Mest fordi det krev at lyttaren kan glede seg over det solide samspelet, den reine og fine lyden og dei flotte bileta som ein ser føre seg i musikken.
Mykje av det er maritimt, noko titlane fortel.
«East Pier», «Utsira High», «Skagerrak» og «Fladen» er i alle fall i mitt hovud namn og uttrykk, som er kjent frå både nære havområder, og kart.
Personleg er «Utsira High» ein favoritt. Denne låta kunne lett fått plass på Eriksen/Halle si «Psalm». Dette er tett opp mot ein salme i uttrykksform, og musikk fleire burde tatt seg tid til å lytte til.
Fleire av songane har Gunnar Halle som solist, med Eriksen sitt piano som eit stødig komp. Medbøe sjølv ligg og lurer med sin gitar i bakgrunnen, for plutseleg å dukke opp med ein solo eller nokre spennande riff. Her har ein vertskap som let gjestene få spele hovudrolla.
Plata sluttar med låta «More Viking Than You», kanskje ein hyllest til sine norske røter.
Dette er totalt sett eit eksempel på noko som komponistar i denne musikkstilen er ekstremt flinke til å gjennomføre, og å få gode resultat av. Ein lar seg forføre og inspirere av andre. Ein tør å komponere musikk som ligg tett opp til inspirasjonskjelda, men i staden for at det blir ein kopi eller ein plagiat, blir det eit tillegg. Eit spennande sådan.
Trioen Medbøe, Eriksen og Halle har i det stille levert ei plate som mange burde tatt seg råd til å nyte.

Alf-Einar Kvalavåg