Ein engel iblant oss

God advent kjære lesar og velkommen inn i ei avistid kor meir og meir av innhaldet handlar om ventetid og jul.

Berre så det er sagt på leiarplass først som sist. Det skjer så mykje i Tysvær i desember at me kan ikkje rekke over alt. Det håper og trur me at lesarane våre skjønner. Ein del innsendt materiell vil bli publisert på nettsida vår, og berre der. Så klikk deg inn og sjekk ut.
Ei av spaltene me har i adventstida er «Juleengelen». I fleire år har me delt ut ein engel til personar i Tysvær, som me meiner gjer noko ekstra for at andre skal ha det godt.
Det kan vere frivillige som ofrar langt meir enn det me kan forvente av enkelpersonar. Det kan vere nokon som i sin jobb, gjer litt meir, ofte mykje meir, enn det som står i arbeidsinstruksen. Det kan også vere lag og foreiningar, eller ein kombinasjon av enkelpersonar og organisasjonen.
Målet er ikkje berre å finne dei som viser godt igjen, men også å finne dei som alltid er der. I det stille. Dei som sørgjer for at døra er open, at lyset er på, og at ein kjenner seg heime. Dei som ikkje tel timar og kroner, men gjer så godt dei kan med dei ressursane dei rår over. Nokre av dei er så dyktige i å halde seg i bakgrunnen at me knapt veit at dei er der, og når me hentar dei fram i litt meir lys, så vil dei nesten ikkje ta imot litt skryt og fortent ros.
Det som er det mest fantastiske i jakta på desse «englane» er at det stadig dukkar opp nye namn. Unge som gamle, kvinner og menn. Nokre blir nemnt i ein parentes når me snakkar om andre ting, andre blir nemnt litt meir høglydt for sin gjerning.
Og om ein set seg ned og lyttar til kva slike eldsjeler gjer, så skjønar ein at det er mykje hjartevarme og godt i menneska rundt oss. For i ein travel kvardag er det fort gjort å glømme kvifor me har så mange av dei viktige sosiale, og aktive tilboda i vår kommune. Det blir lett å trekke fram det store. Dei store idrettslaga, kyrkja, speidaren, korps og kor. Proppa fulle av eldsjeler dei også, og heilt avhengig av enkeltpersonar som står på år etter år.
Likevel er det noko eige med dei som ikkje har eit stort apparat rundt seg. Som må vere både idéskapar, sjef og handverkar for at ting skal skje i bygda.
Kor mykje det har å seie å få ein «juleengel» frå lokalavisa er vanskeleg å måle. Men me vil vise både dei som får engelen, og alle våre leserar at me bryr oss om desse og gjerne vil vise dei fram. I ei tid kor presset på både liten og stor blir større, kor utfordringar står i kø, kjem enkeltmenneske sin innsats garantert til å bli viktigare og viktigare.
Me kan ta imot store summar både frå stat og kommune utan at det hjelper, om ikkje dei som skal forvalte dette lokalt, gjerne ultra lokalt, har eit stort hjarte og viljen til å vere ein «engel».
Me takkar både dei som har fått, skal få og ikkje får engel, for den innsatsen som blir gjort i Tysvær kvar einaste dag.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør