Av Mona Terjesen
– Natt til laurdag vakna eg av at hunden min – Elvis, bjeffa no valdsamt. Eg sette meg i rullestolen og kom meg inn i stua for å sjå kva det var. Og der stod han og kikka på meg i terrassedøra. Han var i ferd med å bryte seg inn, fortel Mikkelsen – framleis prega av hendinga.
Ekle auge
Han sitt utanfor på terrassen til omsorgsbustaden sin, då me kjem for ein prat. Kommunen har akkurat vore der og skifta ut låsen hans. Dei måtte også fikse ramma rundt døra.
– Det var godt å endeleg få ordna døra. Eg har ikkje sove skikkeleg sidan dette skjedde, heile nettene har eg sitte i stua og kikka ut. Redd for å gå og legge meg. Kvar gong eg prøver å lukke augo så ser eg for meg fjeset hans. Dette har rett og slett skremt meg skikkeleg, seier Mikkelsen.
Les heile saka i papiravisa