For her snakkar me tenor i Noregstoppen. Klokkereint, stilreint og tydeleg inspirert.
Skjoldastraumen si store stemme leverer eit gjennomarbeida og solid stykke handverk. Det er lite å trekke for i utføringa. Det må vere at ein nok tidvis merkar at dette er ein artist, som ikkje dagleg syng i band. Ein del av overgangane er kanskje vel statiske. Likevel, det trekk ikkje ned heilskapsinntrykket nemneverdig.
Først og fremst fordi dette er ei digital utgiving kor stemma og arrangementa speler hovudrolla.
Og der er som sagt Hundsnes langt framme. Han syng naturleg og avslappa både på engelsk og på spansk. Han slepp å jukse, han har heile registeret inne. Rett nok er det stader kor han kunne vore endå meir «rå». Likevel har eg ei kjensle av at det er slik som dette han vil presentere sin musikk.
Han har valt bredt. Han har funne songar kor teksten betyr noko for han. Han har funne melodiar som gjer at han får vist seg fram som solist. Han har heilt klart sin plass i tenortrioen, som nå reiser land og strand rundt med sin julekonsert, men det må være herleg å få sleppe seg litt laus på eigenhand.
Favorittar
Det er ni songar som blir tilgjengeleg på nett frå neste veke av. Denne meldinga er basert på mastertapen, og det dukkar fort opp eit par favorittar.
Opningssporet fall raskt i god smak. «Your Love« er ein elegant start på prosjektet med piano og synth som ein trygg følgesvein for Hundsnes.
Så kjem etterkvart min favoritt. Temaet frå filmen «Hjortejegeren» er som oftast gjort på gitar, men her leverer Hundsnes ei perle med tekst av Cleo Laine. «Cavatina» er som skapt for ein tenor, og gjekk på «repete» eit par gonger ekstra før eg kunne sleppe den.
Og ein slik «hit», eller kjent song, er viktig på eit soloalbum som dette. For det kan fort bli mektig, sjølv om Hundsnes skal ha skryt for eit variert utval.
Eit anna høgdepunkt er «Always Remeber Me» som også inkluderer ein stilig gitarsolo. Ikkje mange tenorplater som har det.
Eit svært vellukka prosjekt er det blitt.
Alf-Einar Kvalavåg