«- Vi skal gå over alle ventilatorane i tunnelane og sjekke at dei fungerer slik dei skal, opplyser byggeleiar Arild Puntervold i Statens vegvesen.
Ein tunnel blir stengt om gongen på desse tidspunkta:
E39 Mastrafjordtunnelen:
Tysdag 15. desember klokka 22:00 til onsdag 16. desember klokka 02:00
Onsdag 16. desember klokka 22:00 til torsdag 17. desember klokka 02:00
E39 Byfjordtunnelen:
Onsdag 16. desember klokka 02:00 til 06:00
Torsdag 17. desember klokka 02:00 til 06:00
Det blir kontinuerleg kolonnekøyring når tunnelane er stengte. Buss i rute får eigen ledebil.