40 år – tett på

Denne veka er det 40 år sidan det aller første eksemplaret av Tysvær Bygdeblad kom ut. 16 tettpakka sider om smått og stort i kommunen.

Tida var moden for ultralokale nyhende, dei som ikkje fekk plass i storavisa i Haugesund. Mållagsfolk og samfunnsengasjerte skribentar fann saman, og leverte eit produkt som spegla kommunen vår på ein god måte.
Teknisk var det å gi ut avis på -70-talet ei utfordring i seg sjølv. Dette var lenge før digitalisering og internettløysingar. Det var ei tid kor ein verkeleg måtte vere fleksibel, om ein skulle få ut ei avis i veka.
Eg har vore i Bygdebladet i åtte år, og tida flyr. I dag gir teknikken oss mange mulegheiter. Me er på nett, og me sender frå oss sider til trykking på Stord med nokre enkle klikk.
Ein ting har me likevel felles med dei aller første redaksjonane. Me bur i ein kommune kor det hender utruleg mykje i løpet av eit år. Me kunne tidvis gitt ut 50 sider i veka, og likevel ikkje fått med oss alt. Nettsida vår har vore til stor hjelp i så måte. Me kan gi våre leserar stadig meir.
I løpet av desse 40 åra har også mediebilete på Haugalandet forandra seg mykje. Me har fått både fjernsynskanalar og lokalradio. Me har fått fleire lokalaviser som kjem gratis til oss, om me vil eller ikkje. Likevel har me ei sterk kjensle av at tysværbuen ønskjer si eiga avis i papir. Kvar torsdag, 48 gonger i året. Dei vil ha alt frå mjukt familiestoff, via sport og kultur, til tyngre og viktige politiske saker. Dei stoler på at me gjer ein nøytral og god jobb. Eller kor nøytrale kan me vere når me tross alt er supporterar av Tysvær.
For ei lokalavis handlar om å brette ut det som skjer i kommunen. På godt og vondt, i gode, men også dårlege tider. Me får høyre det på telefonen og gjennom e-postar. Skryt det eine augeblikket, kjeft i det neste. Me tolkar begge deler som eit positivt engasjement.
Eit av mine viktigaste mål i jobben er å bli kjent i Tysvær. Kjent med dei som bur her, som er «lim» i lokalsamfunnet, men også dei som jobbar i det stille. Eg vil også at folk skal vite kven eg er. Eg vil ut og rundt, slik at det skal vere ein låg terskel for å ta kontakt. Det har me på mange måtar klart. Folk tar kontakt, og best av alt, dei er engasjerte.
I dag er me seks tilsette i Tysvær Bygdeblad. Me har ein sunn økonomi og gode opplagsresultat. Folk betaler for produktet vårt, og me tilbyr opne og gratis nettsider. I 40 år har me vore ein pådrivar og informant i Tysvær kommune. Me trur på mange år til. Mest av alt fordi me har ei kjensle av å vere ønska. Men også for at folk har ei stor trong for å vere oppdatert, i ei stadig meir støyande verd.
Me vil på vår 40 årsdag også takke alle dei som har vore med oss desse åra. Det er dei trufaste abonnentane og annonsørane, som har bygd den solide grunnmuren Tysvær Bygdeblad AS står på.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør