Nokre av dei lokale tilsette som har komme til siste året: Frå venstre er Gjermund Waage, Øystein Nilsen, Svein Tore Jensen, Stian Hoen, Sissel Bådsvik og Claudio Saavedra. Bak står Jan Wiggo Øfelt, Ole Helvik og Ellen Kvinnesland. Det er også ein del polske arbeidarar på prosjektet, gjennom søsterselskapet til Kaefer, «Global Work».

Gode tider

Mens tusenvis i oljebransjen mistar jobbane sine, er Kaefer midt i tilsettinga av mange lokale i samband med sin nye ISO-kontrakt på Kårstø.

Av Mona Terjesen
Omlag 30 lokale har no fått jobb i samband med vedlikehaldsoppdraget som Kaefer Energy vann i fjor. I oktober 2014 hadde dei oppstart, og sidan då har stadig fleire lokale tilsette komme på plass.
– Nokre er tilsett innan arbeidsleiing og administrasjon. Ti er fagarbeidarar og ti er vaksenlærlingar. Desse ti siste har gjennomgått arbeidsformidlingskurs. Frå nyttår blir dei tilsett, og skal gå tre år i lære, så blir dei isolatørar med fagbrev. I tillegg har me tilsett ti overflatearbeidarar, fortel seniorprosjektleiar Torleif Susort – då me besøker dei på Kårstø måndag morgon.
Det var i samband med NAV at Kaefer Energy gjennomførte det såkalla AMO-kurset i isolasjonsfaget. Og alle dei ti som deltok på kurset har altså no fått tilbod om fast jobb. Det heile for å få opp andelen lokale operatørar.
– Målet er 40 prosent lokale. Og det kjem nok etter kvart til å skje også. Mange av konkurrentane har sagt opp og permitert, og kjem til å fortsette å gjere det. Då blir også tilgangen på lokal arbeidskraft større, fortel Susort.

Les heile saka i papirutgåva