– Det grøne skiftet går gjennom gassen. Dette kjem til å spare oss for 460 tonn CO2 i året. Det er stort å få vere tilstades på denne historiske dagen. Me er stolte av omformarstasjonen på Haugsneset og gler oss til å sjå utviklinga. Dette er eit kjærkome prosjekt, særleg i desse nedgangstider, sa ordførar Sigmund Lier (AP) under opninga på Haugsneset i formiddag.
Han fekk æra av å sprenge ei ladning på plassen, mens eit fullsett pressekorps var tilstades.
Aktiviteten på Haugsneset skal syte for arbeid til mellom 100 og 200 anleggsarbeidarar, og omformarstasjonen skal vere klar i 2017. Om fire år skal ein byrje gassproduseringa.
Arbeidet blir utført av hovudleverandøren Aibel og underleverandørane Veidekke, og Vassbakk & Stol. Alle desse var tilstades under opninga i dag.
Les meir i papirutgåva på torsdag