Skrevet av Jan Helge Øvernes
Og det kom tydleg fram med persongalleri frå Bakkebygrenda, Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget, Rønja Røvardotter med dei skumle rompenissane og ikkje minst den fornøyelege Landstrykaren. Alt var bunde saman rundt opplevingane til dei tre barna (programleiarane) som skulle vera åleine heime.
Med levande musikk av skulen sitt eige band, stilig kor og dyktige solistar med song og fløyte, blei det ei flott oppleving for fullsett gymsal to gonger i går kveld. Me har flinke elevar som me er veldig stolte over. Eit godt manus er viktig. Det var det Wenche og Grete som hadde snekra.
Sjå bilete frå juleshowet her: http://www.tysver.kommune.no/straumen-forsida/3302-astrid-lindgren-juleshow