«Kringelandtraven» og Johan Kringeland Eriksen fossar inn til siger på Forus. Ein skal ha storskjerm for å sjå nummer to til høgre på bildet ein eller annan stad. Foto: Rikstoto.no
«Kringelandtraven» og Johan Kringeland Eriksen fossar inn til siger på Forus. Ein skal ha storskjerm for å sjå nummer to til høgre på bildet ein eller annan stad. Foto: Rikstoto.no

For ein avslutning på året

Johan Kringeland Eriksen og nummer 1 «Kringelandtraven» var heilt suverene i dagens V5-spel avd. 4 på Forus. Dermed er det jubel i stallen i Grinde i kveld.

Det har vore ein strålande sesong for Kringeland Eriksen. Og ein betre avslutning på sesongen kunne det neppe ha blitt.
Med faren Geir Arne sin hest «Kringelandtraven», vann han suverent i sesongens siste start på Forus. Hesten var berre 4. valet hos spelarane, men det var før starten. I finalen i rekruttserien over 2.040 meter var det solid distanse ned til nummer to «Spik».
«Kringelandtraven» har i år kjørt inn 40.500 til eigaren, dei fleste av desse kronene med Johan i sylkien. På sju startar har det blitt 2 sigrar, 1 3. plass og 3 plasseringar for for kaldblodstravaren.