Vemund Eskevik skåra to nye mål i kveld då Stegaberg vann 3-1 over vedavåg 2. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Vemund Eskevik skal vere aktuell for Vard. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Eskevik og Ness til Vard

Både toppskårar Vemund Eskevik og suksesstrenar Thormod Ness skifter frå Stegaberg til Vard. Eskevik i alle fall på prøve. Ness om han takkar ja til ei rolle rundt a-laget.

– Eg har sagt til Vard at eg er interessert i være med rundt a-laget neste sesong. Me har ennå ikkje signert nokon avtale, seier Thormod Ness.
Etter det Tysvær Bygdeblad kjenner til er også Vemund Eskevik aktuell for Vard. Han skal ha fått tilbod om å trene med klubben i januar, for å teste ut nivået. Like før jul blei det klart at Stegaberg-spissen ikkje skal i militæret frå januar av.
Til H-avis.no sier Thormod Ness at han har takket nei til ei hjelpetrenar-stilling i klubben av mellom anna tidspress og familiære grunnar. Han har fått tilbod om å være ein slags konsulent. Han har også takka nei til fleire andre lokale klubbar, som har jakta ny trenar, mellom dei Skjold.

Opp ein del
I kveld stadfestar Eskevik at han skal trene med Vard.
Han er sjølvsagt spent på korleis utfordringa hos 2. divisjonslaget blir. Han har sendt oss denne SMS-en i kveld:
«De e jo selvfølgelig spennandes, e et hakk opp i forhold te ka eg e vant med, men eg e gira på å visa at eg e god nok»
– Om det ikkje blir eit tilbod frå vard, kva gjer du då?
– Då blir det mest sannsynleg Stegaberg fram til sommaren. Då satsar eg på studie i Drammen og vil prøve å finne meg ein klubb der, seier Eskevik.