Kjøpmann Birge Nymark fekk næringsprisen - utrekkt av Ole Bjelland i Tysvær Næringsforum. Ordførar Sigmund Lier gratulerte. Foto: Mona Terjesen
Kjøpmann Birge Nymark fekk næringsprisen - utrekkt av Ole Bjelland i Tysvær Næringsforum. Ordførar Sigmund Lier gratulerte. Foto: Mona Terjesen

Heidra under mottakinga

Birge Nymark fekk næringsprisen, Tysvær Blandakor ved dirigent Magne Kristoffersen fekk kulturprisen, Leif Stian Nes og Okersol fekk kulturstipend, Johan Kringeland Eriksen fekk Tysværdiplomet og kultursjef Ingvar Frøyland fekk stor heider.

Laurdag var det nyttårsmottaking i Tysværtunet.
Sigmund Lier hadde si første nyttårsmottaking som ordførar, og haldt ein lang og grundig tale, der han snakka om Tysvær før, Tysvær i dag og Tysvær i framtida. Han påpeika at det er mange som gjer ein så god innsats i kommunen, at dei hadde fortent både stipend, prisar og diplom. Men no blei det altså desse det blei gjort ære på, under mottakinga i dag.

Les alt om nyttårsmottakinga og sjå bilde i torsdagens utgåve av Tysvær Bygdeblad