Det er nytt år og nye sjansar til å sjå film i Tysværtunet. Her oppsummerar kinosjefen rekordåret 2015:
– I åra 1993-2009 låg besøket på Tysvær kino rundt 8- 10.000 besøkande. November 2015 hadde me besøksrekord for 7. året på rad. 2015 blei eit fantastisk kinoår for alle kinoar, med ei besøksauke på 8, 5 prosent nasjonalt. Tysvær kino er utruleg fornøgde med at me i så mange år har auke i besøket og at interessa for kino blir oppretthaldt, seier kinosjefen.
Sjølvsagt er me avhengig av gode filmar som publikum vil sjå.
Topp 5 i 2015 er:
Karsten og Petra på safari: 1154 besøkande
Bølgen: 951
Julekongen: 890
James Bond: Spectre 817
Solan og Ludvig: Herfra til Flåklypa 778
– Må leggast til at både Solan og Ludvig (passert 1000 totalt inkl 2016) og Star Wars er filmar som går godt også inn i 2016. Dei hadde premiere 1.juledag og 16.desember. Det er alltid ekstra gøy for ein kinosjef når det går godt med norske filmar, og 4 blant topp 5 er kjempebra for norsk film.
– Me hadde og særleg i 2015 auke blant ungdoms- og vaksenfilmane, noko som viser at Tysvær kino er ein attraktiv kino. I 2015 monterte me også nytt lerret i storsalen, og me har høg kinoteknisk standard, som publikum er svært godt fornøgde med. Eg vil også trekke fram det gode besøket me hadde på den norske dokumentaren «Søsken til Evig tid: Amerikareisen», der me også fekk rekord for besøk på dagkinotilbodet vårt.
Andre tilbod som gratiskino i sommar, besøksrekord på Tysvær skrekkfest (927 besøkande), litauiske filmvisningar, skolekinosatsning, dagkino og auke i kinobursdager med 43 prosent er med på å bevise at film er best på Tysvær kino!
– At kinoene lever i beste velgående viser årlig kinobesøk me har hatt i Norge dei siste åra. I tillegg blir faktisk kino framover ein enda viktigere del av økonomien til filmindustrien pga nedgang i sal og utleige av video. Berekningar gjort viser at kino kan utgjere opp mot 73 prosent av verdikjeden. Dei andre er då tv rettigheter, on demand, streamingtenester og video, avsluttar Simonsen.