Den etterlengta bilvaskehallen opna på Shell Aksdal i dag. Foto: Mona Terjesen
Den etterlengta bilvaskehallen opna på Shell Aksdal i dag. Foto: Mona Terjesen

– Endeleg vaskehall!

Onsdag opna Shell-stasjonen i Aksdal ein svært etterlengta, ny bilvaskehall. – Me er svært glade for at han no er på plass, me veit at kundane våre har venta lenge, seier Hans Gunnar Lunde i Shell Aksdal.

Den nye vaskehallen er av den moderne sorten, med ein såkalla «vognforskyvar».
– Det vil seie at bilen står på ei plate som beveger seg. Denne er det ingen andre av på Haugalandet, og berre éin annan av på Vestlandet, fortel Lund.

Det vil seie at bilen står på ei plate som beveger seg.

Samarbeid
Møller Bil, som samarbeider med Shell – og for tida har bilar utstilt utanfor stasjonen i Aksdal, var del av opninga. Dei stilte med eit knippe nye, flotte bilar av dei ulike merka dei sel. Den gjevaste bilen dei hadde å vise fram var ein koksgrå Audi TT.
– Han har 230 hestar, firehjulstrekk og full pakke. Eg har sjølv fått låne han ei helg, og hadde ikkje lyst å levere han tilbake. Eg kom på jobb med eit stort smil om munnen på måndagen, fortel seljar Pål Urrang.
 

Prøvekjørte
– Dei som kjem hit i dag, under opninga av vaskehallen får lov til å prøvekjøre bilane våre, seier Møller-kollegaene Morten Bådsvik og Anders Bastholm.
Ann Helen Hagen frå Shell Aksdal var blant dei som ønskja å prøve seg. Som første «kunde» ut, vaska ho først TT-en i hallen, for så å legge ut på ein liten kjøretur i finvêret.
– Han var fantastisk å kjøre. Eg har prøvd ein TT før, men det var ein 1998-modell. Du kan trygt seie at dette var ei annleis oppleving, seier ho då ho kjem tilbake.

Stor dag
Dette er ein stor dag. Tysværbuen har fått ein flott, ny vaskehall, som eg håper og trur at dei kjem til å sette stor pris på, seier regionssjef i Shell, Thomas Skjærvold, som har tatt turen frå Stavanger for å vere med på opninga.
– Alle er velkomne til å vere med på opninga i dag, og sjølvsagt til å nytte den nye vaskehallen vår i framtida, legg Lunde smilande til.

Ann Helen Hagen i Shell, skålte i champagne under opninga.

Ann Helen Hagen i Shell, skålte i champagne under opninga.