Stian Knutsen og Espen Sørenes har signert for Skjold. Berre formalitetar står igjen for at dei to tidlegare Falkeid-spelararane er klare. Foto: Hans Gunnar Hansen
Stian Knutsen og Espen Sørenes kan få sin a-lagsdebut på måndag. Foto: Hans Gunnar Hansen

Stian og Espen frå Falkeid til Skjold

Stian Knutsen og Espen Sørenes er berre formalitetar unna spel i 4. divisjon og Skjold. Det blei klart i går kveld då dei to unggutane signerte. Også Sander Hettervik og Håvard Hovland er på veg «heim» etter opphald i FKH.

Det skjer ein del på overgangsfronten i januar også lokalt. Skjold har sikra seg to av Falkeid sine beste spelarar i Stian Knutsen og Espen Sørenes. Også fleire andre spelerar har vore og trent både i Grinde og på Frakkagjerd, utan at det er gjort avtalar om overgong.
– det skal bli spanande å få prøve seg på eit høgare nivå. Eg skal i alle fall gi alt for at det blir mål på meg i Skjold også, seier den tidligare toppskåraren til Falkeid.
Også Håvard Hovland og Sander Hettervik er på vei tilbake til Grinde etter opphald i FKH.
– Det er nytt nå med overganger. Det skal sendes både kontrakt og overgangspapirer saman. Det er berre formaliteter igjen. Når det gjelder Håvard og Sander skal FKH terminere deres kontrakter denne veka, seier Hans Gunnar Hansen i Skjold IL.

Frå Alexander til Vemund
I morgondagens avis har me snakka med tre av dei som har skifta klubb i vinter. Alexander Søderlund, Roy Miljeteig og Vemund Eskevik.

Håvard Hovland og Sander Hettervik.

Håvard Hovland og Sander Hettervik.