Av Håvard Førland
Veit ikkje heilt om eg vil…
Det er fredag formiddag og Rindane i Førresfjorden ligg bada i stråleglans. Lufta er klar og fin, Vamp passar dårleg i dag, rett nok er det november, men svart er han ikkje og havet knuser slett ikkje mot strand, det er nok heller slett. Eg er på veg til eit intervju med ei dame som ikkje heilt veit om ho vil, og det kan eg i grunnen godt forstå.
–- Du får ta deg ein tur og så får vi sjå, veit ikkje heilt korleis eg skal ordleggje meg om noko eg ikkje har kontroll på. Mykje er i endring og eg har nok ikkje forsona meg med lagnaden min enno, og eg veit ikkje om eg nokon gong kjem til å gjere det! Eg får avgjere det når eg har lese det du har skrive, ha ha, kanskje du ikkje gidd skrive då?
Hovudpersonen vår denne veka møter meg i døra og ser ut som ein million, mon eg er komen til rett hus? Rett nok ser eg at det er Vibeke som står der, ho eg ein gong i førre tusenår var kollega med, men ho ser da ut som alt anna enn ein sjukling!
– God dag og kom inn, e du kaffityste, eg hive på ein kopp viss du vil?
Kom inn seier ho, men det er visst lettare sagt enn gjort, innafor døra blir eg møtt av eit bjeffande 25 cm stort sinnanøste, det er litt av ein watchman i ordets rette forstand, berre han ikkje bit seg fast i leggen for å markere at eg er feil fyr på hans plass! Mon han ber namnet sitt med rette, kan han vere på druen?.
– Ikkje bry deg om Prosecco, han vil berre ha litt merksemd, så, ro deg ned nå!
Opp i stova ber det, her er fargerikt og flott, ein heim prega av stil, Vibeké stetisk, mange flotte matchande fargar, ulike tapemønstre som glir i kvarandre, mykje arbeid, denne dama er ikkje nøgd med kva som helst…mon ho er tapet-sere?
Les historia til Vibeke Sørensen frå Førresdalen i papirutgåva
eller kjøp avisa her: https://www.buyandread.com/next/pub.htm?pub=tysvarbygdeblad