Av Alf-Einar Kvalavåg
For Stegaberg IL blir namnet på fotballturnering deira frå 2016 kalla «Norgeshuscup», medan Falkeid IL har sikra seg ein ny langsiktig avtale med Steinsvik Group.
– Me er opptatt av å gjere noko i nærmiljøet, og ser på Stegaberg si turnering som midt i blinken i så måte. Dei fleste som jobbar her hos oss er med i klubben og ser kva viktig jobb dei gjer for nærmiljøet. Det vil me vere med å støtte, og har difor signert ein tre års avtale, med mulegheiter for tre år til, seier Dag Frode Tønnesen.
Tre nye år
Glede er det også i Falkeid IL og Steinsvikrittet. Etter tre år har Steinsvik Group nå sagt ja til å vere med på laget i tre nye år.
– Steinsvik Group og me har signert ein ny avtale som strekk seg fram til og med kalenderåret 2018. Verksemda har fått god respons, både frå tilsette og kundar på at dette er noko dei vil vere med på vidare, seier arrangør Håkon André Waage.
Les heile saka i papirutgåva