Krf-veteran Svein Terje Brekke er ny leiar i Tysvær Krf. Han tar over etter Gunn-Marit Lygre.
Krf-veteran Svein Terje Brekke er ny leiar i Tysvær Krf. Han tar over etter Gunn-Marit Lygre.

Leiarbyte i Krf

Krf-veteran Svein Terje Brekke er ny leiar i Tysvær Krf. Han tar over etter Gunn-Marit Lygre.

Tysvær KrF hadde i går, 11/01/16, sitt årsmøte. Trond Arne Pedersen, ordførar i Sokndal og nestleiar i Rogaland KrF, delte svært interessante tankar om det å vera krf politikar, og driva Krf politikk.

I årsmøterapporten kjem det fram at lokallaget er glade for eit lag som står på, politikarar som vil noko og får til noko. Valet krev mykje av lokallaget med vi hadde gode prosessar rundt både nominasjon, programarbeid og valkam. Mange dyktige folk har vi som støttar verdiane partiet byggjer på, og vi har fått ei spennande kommunestyregruppe, med faste medlemmer i formanskap, leiar av kontrollutval, faste medlemmer i både levekår og teknisk. Noko som gjorde at vi totalt var åtte folkevalte som forrige veke deltok på folkevaltopplæring; Kristine Aurdal, Sven Terje Brekke, Gunn-Marit Lygre, Øystein Susort, Nils Olav Eintveit, Jorunn Susort Toskeldal, Anna Henriette Veim Eikje og Kristian Valle Høie. Gruppa er både motivert og engasjert for å arbeide for gode kår for innbyggjarane i Tysvær kommune.

Lokallaget hadde også val. Svein Terje Brekke overtek rolla som lokallagsleiar etter Gunn-Marit Lygre som takka for seg, etter mange år som lokallagsleiar. Nå prioriterar ho kommunestyret, fylkesleiing og fylkesting. Svein Terje Brekke er motivert både for organisasjon og politikk og ser fram mot oppgåva som lokallagsleiar, med glede. Det lovar godt. Med på laget har han Mohammad Zaa Mohammad, Jorunn Susort Toskedal, Gunhild Lygre, og gruppeleiar Kristine Aurdal.

Gunn-Marit Lygre