Og det er slett ikkje lette val som skal takast.
For nå har me smerteleg fått kjenne på at det som i fjor var gull, i dag er blitt til gråstein. Det kjennest slik ut, og kanskje ligg det ein stad midt imellom.
Uansett, kan me slå fast at det som for berre kort tid sidan var både innbringande og trygge jobbar, slett ikkje er det lenger. Det er ikkje mange åra det var kø framføre alle standar som hadde med oljeeventyret å gjere. Det var ingen skyer å sjå for dei som fekk ein fot innanfor. Talet på jobbar var uendeleg, oljeprisen høg og framtida ljos.
Problemet i dag er ikkje berre at oljerelatert industri slit. Den sender også ringverknadar over heile Haugalandet. Lokale entreprenørar fekk ikkje nok arbeidskraft og ein henta inn det ein kunne få, både frå andre delar av landet, og utanfrå. Oljeindustrien trengte alt frå servering til delar. Her lokalt fekk me sjå det tett på. Arbeidsplassar på Aibel og i liknande verksemder. Uteliv og full fart på «kaien» i friperiodane. Reisande innan kjøp og sal. Ein såg fysisk korleis arbeidslivet pulserte.
Så blei det bråstopp. Ei av gruppene som hamna i ein svært vanskeleg situasjon var ungdommane. Dei som hadde tatt val og var i gong med utdanning. Men også alle dei som hadde bestemt seg for at den dagen dei var ferdig med grunnskulen, ja så var kursen sett.
– Kva tenkjer dei nå, i januar 2016?
Kven skal nå gi dei råd om gode framtidsval. Og kor er det trygt å satse? Å vere føresatt i desse tider er ikkje lett. Eigne erfaringar er plutseleg ikkje så gode lenger. Det som var gode råd, og så lett å motivere dei unge med, finst ikkje lenger. Rett nok er det ikkje heilt svart, men mørkare har det ikkje vore på mange år.
Ein kan spørje seg om også trygge jobbar i skulen og helsevesenet er det lenger. Kommunar kuttar, og har snart ikkje råd til å komme med dei tilboda me har krav på. Folk blir stua saman, og skular blir lagt ned for å samle elevar i større klassar. Alt for å spare pengar, og for å unngå å ha for mange folk i arbeid.
Andre bransjar kor arbeidskrafta er for dyr, blir billigare og meir useriøse løysingar tatt i bruk. Ein kjøper tenester der det er billigast, og ikkje der det er best kvalitet.
Alt dette skal føresette og ungdommar snakke om i vekene som kjem.
Likevel ser det ut til at eit råd går igjen. Det er viktigast av alt å gå på skule. Få papir som fortel at du kan noko. Det å vise vilje til å gjere ein jobb det det trengst – der jobbtilboda dukkar opp.
Gå på yrkesmessa og bli inspirert. Gå heim og ta ein diskusjon.
Godt val, alle saman.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør