Skjold møter Nord i den første kampen i Vintercupen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Skjold skulle møtt Nord i den første kampen i Vintercupen. Kampen er utsatt på grunn av kulden. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Vintercupopning utsatt på grunn av vinter

I morgon skulle årets Macron Vintercup ha blitt sparka i gong. Vintervêret gjer at kampen mellom Nord og Skjold er utsatt.

Dermed må Skjold-spelarane vente nokre dagar før ein ny sesong startar opp. Det er meldt mildvêr til helga, så det treng ikkje vere lenge før kampane tar til.
– Det er kjedeleg når me først var innstilt på kamp. Men me kjører trening i staden. Når kampen blir spelt er uvisst, seier Skjold-trenar Håkon André Waage.

Falkeid sine juniorar skal etter planen spele desse to kampane i vintercupen:
Falkeid -Nord torsdag 21. januar kl 20.00
Falkeid -Haugar torsdag 11. februar kl 20.00