– Kva var det eg sa!

Det er vinter i Tysvær. Snø og is. Akkurat så perfekt at ein kan finne fram ski og skøyter. Dessverre er meldingane dårlege, men me har framleis litt tid på oss. Tid til å komme oss ut.

For ei stund sida hadde eg ein leiar om kor aktive me i Tysvær var, kor flinke me var til å gå tur, nytte oss av løyper og natur. Kor mange av oss som dreiv med idrett, organisert eller ikkje. Eg skal innrømme eg fekk litt skryt, for det var tydeleg at mange var einige med meg. Me er ein aktiv kommune.
Men det var også dei som var kritiske. Som meinte barn og ungdom hadde grodd fast i ein benk og berre spelte spel på nett, eller via andre «stasjonar». Som dei fleste redaktørar i Noreg har eg eit par følgjarar, som stadig kommenterer og kritiserer det eg skriv. Og av og til har dei rett. Men ikkje denne gongen.
For me er ikkje bortskjemte med gode forhold i Tysvær. Vanlegvis går ungane våre på ski berre det er rim på marka. Denne gongen er det skikkeleg snø, akkurat passe nok, og det er «kø» i lysløypene og i akebakkane. På diverse tjørn har eldsjeler måka både ein og to gonger, slik at skøyteløparar i alle aldrar har kunna gå rund etter runde. Premien har vore kakao på termos, ein blåveis og mykje skryt.
Og er lar meg imponere igjen, og sparkar litt til dei som meinte eg var for raus med ungdommen. For tru det eller ei, det er også mange ungdommar å sjå. Det er tydeleg at mange er sultefôra på å få leike seg i snøen eller på isen. Dei har det kjekt, blir raude i kinna etter å ha vore i aktivitet i timevis. Dei yngste er eg ikkje bekymra for. Dei er ivrige til lenge etter det er mørkt.
Og det slo meg ein tanke då eg kjørte forbi Bongastjørna etter at det var blitt mørkt. Lyskjegler att og fram over isen. Ivrige skøyteløparar, som innerst inne veit at snart er skøyteisen igjen blitt til vatn. Dei tyner ut kvar time. Jaggu er det mange sprekingar blant oss.
Samstundes får me tips, og meldingar frå skulane. Om skidagar, om skøyteløp og anna moro. I ei tid der me er redde for at me gror fast i sofaen, så er dette så fantastiske nyhende at eg ikkje trur alle er klar over det.
I tillegg får me ein bonus. Naboar møtest på isen og i løypa. Naboar som kanskje ikkje har møtt kvarandre før. På Nappatjørn og i Grinde. Og alle andre stadar.
Eg står fast på at me har ein aktiv generasjon barn og unge i Tysvær. Punktum.

PS! Joda, sist helg måtte eg fram med skia mine eg også. Rundløypene på Frakkagjerd er heilt fantastiske til å gå tur i. Også om vinteren. Dessverre er det ein frykteleg kort skisesong.

PS2! Joda, eg har fått med meg innsatsen som er gjort på kunstgrasbanane slik at ungdommar har kunna trene, til tross for snøen. Fantastisk, rett og slett.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør