Roy Miljteig skåra for FKH mot Stord i dagens treningskamp som FKH vann 6-0. Foto: Grethe Nygaard/Haugesunds Avis
Roy Miljteig skåra for FKH mot Stord i dagens treningskamp som FKH vann 6-0. Foto: Grethe Nygaard/Haugesunds Avis

Roy Miljeteig skåra for FKH

Roy Miljeteig trengte ikkje langt tid på å markere seg i Storhall Karmøy. Etter 68 minuttar skåra han sitt første FKH-mål.

FKH stilte med to forskjellige lag mot Stord i laurdagens treningskamp. Miljeteig kom inn etter pause og var med på at 2-0 blei til 6-0.
Sjølv om Miljeteig markerte seg kom han i skuggen av FKH sin prøvespelar «Nigeria 2» som skåra tre mål.
– Det var greit å få seg eit første mål så slepp eg det maset framover. Det har gått greit å finne seg ein plass i laget, både i dag og den internkampen me spelte litt tidlegare.Samarbeidet med lagkameratar har gått veldig fint, seier Roy Miljeteig.

Faktaboks

FKH 1/2 6 (2)
Stord 0 0)
Treningskamp
Storhall Karmøy
1-0 Roope Riski (26)
2-0 David Myrestam (41)
3-0 Nigeria2 (53)
4-0 Roy Miljeteig (68)
5-0 Nigeria2 (70)
6-0 Nigeria2 (86)
Dommar: Ørjan Vikene, Djerv 1919
Tilskodarar: 400