– Det blei litt vel lett mot slutten. Trur dei gav opp og me fekk ein del ekstra mål dei siste minuttene. Godt å være i gang med kampane og kjekt å skåre mål, gliser Berge Ohm.
Han starta på benken i ein kamp kor trenar Håkon André Waage testa alle som var med. Han fekk sjå Jonas Wergeland og Stian Knutsen skåre mål. Også Vebjørn Rullestad noterte seg for ein skåring, men det blei mykje Berge Ohm etter kvart.
– Det vil garantert bli ein del slike kampar utover kor motstandarane ligg lågt og ventar. Då må me ha tålmod og nytte oss av sjansane me får og ikkje minst halde fart i ballen. Det klarte me i dag, noko Nord ikkje orka å være med på, seier Ohm.
Grei start
Trenaren sjølv var sjølvsagt godt nøgd med 8-2.
– Me har eit tett kampprogram med juniorkamp på onsdag og ny a-kamp på fredag mot Bremnes. Eg fekk sjå gutane i aksjon i kamp og det var mykje bra, sjølv om motstanden etter kvart ikkje var all verda. Nå er me i gang og det blir tett mellom slaga utover vinteren, seier Waage.
Skjold var best i alt og vann sin første kamp i Macron Vintercup heilt fortent.
Disse fikk speletid:
Håkon Bådsvik
Martin Nordtveit
Christian Askeland
Jonas Wergeland
Jonas Staurland
Stian Knutsen
Sander Hettervik
Aleksaner Gundersen
Vebjørn Rullestad
Vegard Steinsland
Espen Sørenes
John Hettervik
Sondre Bådsvik
Ali Amir
Berge Ohm
Vintercup
Nord 2 (2)
Skjold 8 (2)
Vintercup
Nord kunstgras
1-0 Martin Lillesund (str. 0)
1-1 Jonas Wergeland (16)
2-1 Martin Lillesund (30)
2-2 Stian Knutsen (37)
2-3 Berge Ohm (50)
2-4 Vebjørn Rullestad (54)
2-5 Berge Ohm (73)
2-6 Berge Ohm (76)
2-7 Berge Ohm (77)
2-8 Berge Ohm (80)
Dommar: Aleksander Vermundsen, KIL
Tilskodarar: 25