Geir Tangen er bokaktuell med krim og den lokale utgivinga «Maestro». Kona Agnes Matre gav like før jul ut «Kledd naken», som fekk mykje merksemd då romanthrilleren tok opp voldtektsproblematikk. Med andre ord to spennande forfattarar som ville til Tysvær.
– Me og bokhandlaren i senteret fekk begge tilbod og takka ja. Etter å ha snakka saman fann me ut at det kunne vere mykje meir «trøkk» å slå forfattarkveldane saman og legge det til biblioteket. Då kan me arrangere og dei selje bøker, seier biblioteksjef Lillian Rushfeldt.
Og slik blir det. Dei to lokale forfatterane skal presentere bøkene sine, snakke om korleis det er å bu saman som forfattarar, og om korleis dei inspirerer kvarandre.
– Dei to skal få styre dette sjølv og det skal vere ein uformell kveld kor me også slepp til spørsmål frå salen. Det er litt spesielt, og kjekt, at me har to forfattarar som bur saman, som skal bokbade kvarandre. Det er det ikkje ofte ein gjer. Geir Tangen har fått mykje merksemd for boka si som tar utgangspunkt i ei drapssak i Haugesund. Eg trur mange lar seg fascinere av at dette er lokalt. Det ser me også i biblioteket, kor det er lang ventetid på å få låne denne boka allereie. Også Agnes Matre er populær, og ein må fint stille seg på venteliste der også, seier Rushfeldt.
Dei to skal få styre dette sjølv
Meir
Biblioteket i Aksdal er nyoppussa og biblioteksjefen håper på mange slike arrangement i dei nye lokala.
– Me er ikkje heilt ferdig ennå, men nå går me i gong med arrangement som skal styrke vår posisjon i kulturlivet i Tysvær. I tillegg synest eg det er kjekt at me kan få til noko saman med Aksdal Bok & Papir, seier Rushfeldt.
Gleder seg
– Me gleder oss veldig til å komme til Aksdal, og møte litteraturinteresserte der. Me har funne vår form på denne bibliotekturneen, og har ei blanding av humor, alvor og spenning, som ledetråd for bokbadet. Det er ein uformell tone, og me deler villig vekk av våre erfaringar som forfattarektepar. Det vil også bli delt tips med dei frammøtte om god krimlitteratur, som ikkje nødvendigvis står aller fremst i bokhylla i bokhandelen. Det er moro å vere ute på vegen saman, og få lov til å snakke om det vi elskar meir enn noko anna, nemleg skriveglede, leseglede og litteratur, seier Geir Tangen.
– Og det beste av alt er at dette arrangementet er gratis, avsluttar biblioteksjefen og håper på fullt hus.