Lars G. Solvik framfor Redningsskøyta Peter Henry von Koss. I sju veker har han vært kaptein på båten i Middelhavet.
Lars G. Solvik framfor Redningsskøyta Peter Henry von Koss. I sju veker har han vært kaptein på båten i Middelhavet.

Kaptein på ein av havets englar

Lars G. Solvik har vore til sjøs i heile sitt vaksne liv. Han veit betre enn dei fleste at havet tar og havet gir. Som kaptein på ei av redningskøytene veit han kor lite som skil det å overleve, og det å dø.

Det verkar uvanleg trygt og godt å sitte heime i stova til 45-åringen på bustadfeltet Nappatjørn på Frakkagjerd. Det er lite som minner om kvardagen hans. Berre ein PC med nokre bilete og eit par filmsnuttar, viser oss kor viktig arbeid Redningsskøytene i Noreg gjer. Kvar einaste dag. I storm og stilla.
Han er kaptein på eit av dei større skipa i flåten. Peter Henry von Koss er for tida i Middelhavet og hjelper skipbrotne flyktningar. Det er ein jobb som kan vere håplaus å vere med på. Men Solvik har sett håp, mykje håp, blant dei mange tusen som har prøvd å krysse havet mellom Tyrkia og Hellas.
– Då me fekk spørsmål om å tenestegjere der, sa eg ja med ein gong. Dette er meiningsfullt arbeid, og det å redde liv på havet er noko me er trena til å gjere. Me hadde ein lengre treningsperiode saman med dei frå politiet som var med ombord. Båten blei også oppgradert. Så sette me kursen for Danmark kor båten blei vidaretransportert til Middelhavet. For å gjere ein lang historie kort; det var rett i alvoret frå første stund, seier Solvik.

Korleis oppdraget gjekk, og kva Solvik skal gjere nå, kan du lese i papiravisa, som du også kan kjøpe her: