I dag blei DP Butikken opna med bandklipping og kake.
I dag blei DP Butikken opna med bandklipping og kake.

Opna DP Butikken

Mens det er nedgangstider hos mange andre, går det stadig oppover for DP Filterteknikk. I dag opna dei ny butikk i lokala sine på Frakkagjerd.

– Hos oss aukar etterspurnaden jamt. Då trøkket blei for stort på kundeseteret vårt, fann me ut at ein butikk ville vere løysninga. Me bestemte oss i sommar, og i dag står han klar, fortel avdelingssjef i butikken, Petter Nistad blidt.

Les meir om DP Filterteknikk sine ambisjonar og planar i neste utgåve av Tysvær Bygdeblad.