Fri ferdsle i to av tre tunnelar

Utbetringa av lysarmaturane i Spannavardtunnelen og Husafjelltunnelen er no ferdig.

Fv.47 frå Raglamyr til Hellevik er no open for fri ferdsle heile døgeret, medan det framleis vil være nattstengd i Karmøytunnelen.
Tunnelane har vore nattstengd mellom klokka 21 og 05.30 alle dagar.
– Arbeida med å utbetre lysarmatura går særs godt. Me har stort von om at arbeida i Karmøytunnelen kan være ferdig før den varsla perioden på fire veker, opplyser byggjeleiar Tor Kåre Austrheim. Utbetringa av lysarmaturane er ein reklamasjonsjobb.
Omkøyring i stengeperioden er på Karmøy via Fv.47 til Flyplasskrysset og vidare på E134 til Haugesund. Trafikk frå sør på E39 må følgje vegen fram til Aksdal og så ta inn E134 mot Haugesund. Omkøyring er skilta.