Trenar Håkon André Waage kan smile etter to av to sigrar som Skjold-trenar. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Trenar Håkon André Waage. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Ny Skjold-siger i vintercupen

Roald Berge blei matchvinnar då Skjold vann sin andre strake siger i Macron Vintercup. Han skåra det avgjørende 3-2-målet. Dermed har trenar Håkon André Waage to strake sigrar som Skjold-trenar.

– Motstanden eit hakk opp, me eit par ned. Det er den korte versjonen av en relativt svak kamp frå oss. Me måtte jage og det blei vanskelig. I tillegg var det motvind, og det ble litt stress, seier trenar Waage.
Bremnes er eit lag Skjold har slitt mot før, mellom anna i fjor.
– Dei var eit ungt lag og sprang like mykje som oss. Me hadde ein ok periode rett før pause og skåra eit viktig mål der. Så fekk dei eit lett mål etter hjørnespark før Roald Berge avgjorde kampen med eit fantastisk flott mål, seier Waage.

Avgjorde
Roald Berge har nettopp skåra sitt første juniormål. I kveld knekte han a-lagskoden også.
– Kjempekjekt. Eg kom inn etter pausen som kant. Eg blei faktisk satt litt ut når eg skåra. Det var stort. Jeg fikk ballen, kippet meg fri og klarte akkurat å skåre. Dette var mitt første på a-lagetog jeg håpet selvsagt at det skulle holde til seier. Det var litt labert av oss, sier Berge.
– Kossen blir det å komme heim i kveld?
– Det blir nok litt fotballpreik. Ekstra kjekt når eg har vore med på å avgjøre efor Skjold, seier 17-åringen.

– Det er kjekt med Espen og Roald. Nå slipper dei å jage det første a-lagsmålet. Neste kamp er Skjoldar/Vats 94, neste måndag, avsluttar Håkon André Waage.

Faktaboks

Skjold 3 (2)
Bremnes 2 (1)
Macron Vintercup
Grinde kunstgras
0-1 Guttorm Kallevåg (str. 0)
1-1 Espen Sørenes (11)
2-1 Vebjørn Rullestad (43)
2-2 Magnus Håstø (48)
3-2 Roald Berge (68)