Dermed er det no slutt på nattstenginga mellom klokka 21 og 0530. Før helga var arbeida i Spannavardtunnelen og Husafjelltunnelen ferdige, så no er T-forbindelsen opna for fri ferdsle etter perioden med nattstenging. Tunnelane har vore nattstengd mellom klokka 21 og 0530 alle dagar.
– Me er glade for at entreprenøren fekk gjort unna arbeida så kjapt, seier ein smilande byggjeleiar Tor Kåre Austrheim hjå Statens vegvesen.
Utbetringa av lysarmaturane var ein reklamasjonsjobb.
Det skriv Vegvesenet i ei pressemelding