Åsane hadde mykje av spelet, men fekk ikkje ballen i mål. Det gjorde Vard som leia 2-0 ved pause. Då fekk Vemund Eskevik sin debut i Vard-drakta.
– Eg kom inn etter pausen når me leda 2-0, så kampbildet var at Åsane hadde mykje ball og me blei nøydt til å springa mykje imellom. Så eg fekk ikkje ballen så mykje som eg hadde ønska. Men kjekt å endelig spele skikkelig kamp igjen, og de var ei god oppleving å slå eit godt Åsane-lag med 2-0, seier Eskevik.
Allereie i kveld kan det bli nye mulegheiter til å vise seg fram for ungguten, som framleis ikkje har signert noko avtale med Haugesund-klubben.
– Det er ny kamp i dag mot Åkra, men det er med rekruttlaget. Eg skal være med, sannsynligvis, ein omgang i dag også, fortel nedstrendingen.
Fredrik Deilkås og Sixten Dalen Jensen skåra for Vard i det som også var Thormod Ness sin debut som trenerassistent i Vard.

Vemund debut med siger
Vard slo Åsane 2-0 og «vår mann» Vemund Eskevik fekk sein debut. Det gjorde også assistenttrenar Thormod Ness, som hadde dette å si om debutanten:
– Vemund gjorde ein grei figur, men me hadde nesten ikkje ball. Me ble spelt låge og blei slitne, så det blei vanskeleg for han å bli involvert.