Av Alf-Einar Kvalavåg
Det blir ein heilt spesiell kveld på fleire måtar. Danielson er sesongstart for konsertar i kulturhuset, og han skal spele i det nye «Fredrikke Nilsen rommet».
Den Stockholms-fødde 44-åringen er nå på ein solotur.
Eg ser fram til å spele så tett på
– Eg ser fram til å spele så tett på som det skal vere i Tysværtunet. Kontakt med publikum er noko eg set stor pris på. I løpet av konserten skal eg innom fleire av platene mine. Eg har ein base med låtar, så legg eg til eller trekk i frå, litt etter stemninga i salen. Totalt skal eg spele 30 konsertar denne våren, seier Danielson.
Og svensken liker å stå aleine på scenen.
– Ja, det har vore mange gode konsertar, og det har fungert om det har vore mykje folk, eller som nå, ein meir tett på konsert. I tillegg til musikken er sjølvsagt tekstane mine sentrale. Då er kontakten med publikum ekstra viktig, seier han.
Songen «Besvärjelse» er nok Oscar Danielson sin mest kjente. Han har gitt ut ei rekke med plater både for vaksne og barn.