Av Mona Terjesen
– Eg har kjørt gjennom Tysvær mange gonger, men ikkje besøkt kommunen, og Kårstø enda, sa Erna Solberg då ordførar Sigmund Lier ønskja henne velkommen i går.
Plass-sjefen på Kårstø, John Høines la fram gode HMS-resultat og kunne fortelje at i løpet av dei 31 åra som prosessanlegget har eksistert, har dei ikkje hatt ein einaste alvorleg personskade.
– 7. januar i år opplevde me ein gasslekkasje. Me fekk sjå at rutinane sitt, og heldigvis blei ingen skadd. Det er me utruleg glade for, sa han.
Han fortalte vidare at dei er omlag 750 tilsette på Kårstø. I tillegg kjem rundt 400 leverandørar.
– Det vil seie at godt over 1000 personar har eit engasjement her, nikka Høines.
Les meir om besøket i papiravisa