På barnekorøvelsen  fikk vi besøk fra Tysvær Sanitetsforening, der vi fikk utdelt kr 5000,- Foto: Simon Ertsvaag
På barnekorøvelsen fikk vi besøk fra Tysvær Sanitetsforening, der vi fikk utdelt kr 5000,- Foto: Simon Ertsvaag

«Gledesprederen» fekk gåvesjekk

Før korøvinga 23.02. fekk songarane i barnekoret Gledesprederen beskjed om at det ville komme «ein hemmeleg venn» på neste øving på Tysvær Soknehus. Den hemmelege vennen var Elisabeth Bakken frå Tysvær Sanitetsforening.

Ho ga koret ein sjekk på kroner 5.000. Sjekken var øyremerka «lydanlegg», som kan brukast til øving og små arrangement. Eit av måla med å drive barnekor er at barna skal få utvikla seg både når det gjeld song, men også gjennom andre måtar å formidle til andre. Då er det greit å bli fortruleg med mikrofonbruk. Gledesprederen øver på dette ved å fortelje vitsar og å syngja for kvarandre. Solistane treng også å øve med mikrofonar. Hittil har koret hatt ein gammal gitarforsterkar og ein mikrofon med tape på når øvingane har vore i andre rom enn Storsalen på Soknehuset. Nå ser me fram til ein nyare og betre løysing!
Barnekoret feira gåva med is, leik og song! Ein stor takk frå heile koret til Tysvær Sanitetsforening!»

Innsendt av Marit Sofie Teistedal Vikre

Skjermbilde 2016-02-24 kl. 13.54.47