Midtvegs mellom Bokn og Tysvær signerte ordførar Sigmund Lier og kollega i Bokn, Tormod Våga, avtalen som nå skal til politisk handsaming i dei to kommunane.
– Dette skal opp hos oss i formannskapet den 8. mars. Seinare skal dette ut på høyring og så blir den endelege avgjersla frå Tysvær si side gjort i god tid før fristen 1. juli. Me har hatt svært gode samtalar med Bokn, og er svært positive til det vidare arbeidet, seier Sigmund Lier.
Eit av hovudpoenga i avtalen er at eit nytt inntektssystem vil slå dårleg ut for dei to kommunane. I tillegg lokkar regjeringa med millionar til kommunar som finn saman.
Dette er ein gledelig dag for oss begge.
– Dette er ein gledelig dag for oss begge. Me har sett på både pluss og minus i dette, og ender opp med ein stor pluss. Dette er to kommunar som passar godt i lag, og det er ingen tvil i utvalet som har forhandla fram avtalen om at dette er noko me bør gå for, seier Lier.
Folkeavrøysting
Medan Tysvær skal kjøre vanleg høyring og folkemøter, skal Bokn ha folkeavrøysting i saka. Den skal i utgangspunktet vere vegleiande.
– Nå startar prosessen i Bokn også. Me skal ha møter både politisk og folkemøter. Inntektssystemet i framtida gjer det vanskeleg for Bokn, og då har me sett på denne mulegheita saman med Tysvær. Me har eit godt samarbeid med dei allerei, og me må kunne kallast to gode naboar. Eg hadde aldri signert denne intensjonsavtalen om eg ikkje hadde tru på den, seier Tormod Våga.
Folkeavstemminga på Bokn kjem mest sannsynleg til å finne stad tidleg i juni.
Tysvær
Det har vore ein del ta og gi rundt bordet under forhandlingsmøta. Namnet på den nye kommunen har vore ei av utfordringane. Bokn kommune med sentrum i Aksdal, eller eit heilt nytt namn har vore diskutert. Men det enda med Tysvær og Aksdal som senter.
– Det som er viktig for oss i denne avtalen er korleis dei som bur på Bokn i dag får det i framtida. Klart at me har hatt tankar om namnet, men det viktigaste var at Føresvik blir likestilt med Frakkagjerd og Nedstrand, og ikkje berre blir ein parentes. Det er med i avtalen, og det var viktig for oss, seier Bokn-ordføraren.
– Bokn blir ein viktig del av Tysvær i framtida om me får dette til. Klart at Føresvik og Bokn skal likestillast med dei bygdene me har i dagens Tysvær. Nå startar arbeidet, men denne avtalen er eit langt og godt skritt i rett retning.
Seremonien gjekk føre seg på slepebåten «Bokn» på fjorden midt mellom Tysvær og Bokn.
Rådmenn og hovudtillitsvalte frå begge kommunar har vore med i utvalet.
Les meir om intensjonsavtalen i papiravisa neste veke.