163 er 2,9 prosent av arbeidsstyrken. I januar var talet 156 og 2,8 prosent.
Rogaland har nå ei arbeidsløyse på 4,9 prosent
– Det er gledelig å sjå at det er færre heilt utan arbeid i februar enn i januar i Rogaland, seier fylkesdirektør i NAV Rogaland, Truls Nordahl. Ved utgangen av månaden står 12450 personar heilt utan arbeid i fylket. Dette er ein nedgang på 171 personar samanlikna med januar 2016.
Rogaland har den høgaste prosentvise arbeidsløysa i Noreg og samanlikna med februar i fjor har arbeidsløysa auka med 69 prosent. – I februar har arbeidsløysa bevegd seg svakt nedover, men bedrifter, særleg i Stavanger-området, varslar framleis om driftsinnskrenkingar og me ventar at mange av varsla vil slå ut i arbeidsløysestatistikken, forklarar Truls Nordahl.
Bruttoarbeidsløyse
Summen av dei som står heilt utan arbeid og dei som er i arbeidsretta tiltak gjennom NAV utgjer bruttoarbeidsløysa. 14000 personar (5,5 prosent) står enten heilt utan arbeid eller er i eit arbeidsretta tiltak gjennom NAV i Rogaland ved utgangen av februar 2016.
Kven er dei heilt utan arbeid?
Av dei 12450 personane som er heilt utan arbeid er 4003 kvinner og 8447 menn. 4979 av dei heilt utan arbeid har vore heilt utan arbeid i meir enn eitt halvt år. Personar med bakgrunn frå ingeniør- og ikt-fag som vart arbeidslause i første halvår 2015 går lengre utan jobb enn andre arbeidssøkjarar som vart arbeidslause på same tidspunkt i Rogaland. Arbeidsløysa er no over 6 prosent blant unge i aldersgruppa frå 20 til 29 år og blant personar mellom 30 og 39 år.
21 prosent av dei heilt utan arbeid er frå Aust – Europa, og dei fleste av desse har jobba innan bygg- og anlegg, industri og innan transportbransjen.
Arbeidsløysa har auka i alle yrkesgrupper det siste året, og den har for lengst smitta over i andre bransjar. Det er innan industriarbeid, bygg- og anlegg og ingeniør- og Ikt- fag at arbeidsløysa er størst. Dette gjeld både i talet personar og i prosentdel av arbeidsstyrka.
Kommunevise variasjonar
Det er store variasjonar i arbeidsløysa blant kommunane i Rogaland. Suldal har 0,7 prosent av arbeidsstyrka utan arbeid, medan i Haugesund er 6,0 prosent av arbeidsstyrka i same situasjon.
– Arbeidsløysa har enten heldt seg stabil eller gått litt ned i kommunane i Rogaland dei siste vekene. Unntaket er Sandnes, som har fått 40 fleire arbeidslause den siste månaden, fortel Truls Nordahl.
Stavanger og Sola har no ei arbeidsløyse på 5,0 prosent, Sandnes 5,9 prosent, Strand 5,1 prosent og Eigersund har 5,4 prosent.
1592 ledige stillingar
I februar vart det lyst ut 1592 ledige stillingar i Rogaland. Det er ein nedgang på 21 prosent samanlikna med same periode i fjor. I Noreg vart det lyst ut 22 819 stillingar, ei auke på 5 prosent.
– Med ei høg arbeidsløyse er det bra at det framleis vert lyst ut ledige stillingar. Stadig fleire arbeidssøkjarar er svært aktive og søkjer på jobbar også i andre delar av landet, seier Truls Nordahl.