Og han har mykje å vere skuffa over. Bakover på banen blei det valt vankelege løysingar som TIL-spiss Kenneth Mortveit takka og bukka for. Midtbanen fekk ikkje kontroll på ballen og spissane klarte ikkje å få til ein skikkeleg avslutning på tidlegare Skjold-keeper Andreas Andreas Bauer Nyland Jacobsen.
– Kunne vel strengt tatt bytta heile gjengen i pausen, sukka Waage ved halvtid.
Comeback
Torvastad var like effektive som Skjold var ineffektive og leia 3-0 ved pause. Etter kvilen kom Berge Ohm inn og sette meir fart framover på banen. Fleire andre vakna samstundes og eit visst Skjold-press blei vist fram. Rune Lindanger gjorde comeback etter eit år på sidelinja med kyssesjuka, og det første han gjorde var å serve Sander Hettervik som reduserte til 1-3. Så scora Espen Sørenes og Skjold var på sporet av noko. Men som i første omgang rota dei vekk sjansane dei fekk. På overtid toppa dei det heile med både raudt kort på Berge Ohm og eit forferdeleg forsvarsspel som serverte Georg Grønningen sitt andre mål for dagen. Det blei 4-2-tap. Heilt fortent på ein dårleg dag, kor fleire meldte seg ut av, enn inn i diskusjonen om ein plass på laget.
– Godt å vere tilbake, men ein trist måte å tape kampen på. Me var rett og slett dårlege, seier Rune Lindanger.
Nå må Skjold ut på jakt etter treningskampmotstandere.
Dette var den tredje kvartfinalen som enda med 4-2.
Haugar – Trott 4-2
Bremnes – Djerv 1919 4-2
Torvastad – Skjold 4-2
Vintercup
Skjold 2 (0)
Torvastad 4 (3)
Macron Vintercup
Grinde kunstgras
0-1 Jon Ø. Sletten (24)
0-2 Kenneth Mortveit (27)
0-3 Georg Grønningen (31)
1-3 Sander Hettervik (65)
2-3 Espen Sørenes (77)
2-4 Georg Grønningen (90)
Dommar Marius Jakobsen,
Raudt Kort: Berge Ohm, Skjold