Sylfest Lomheim brukte fakta som innfallsport under kveldens foredrag i Tysværtunet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Sylfest Lomheim brukte fakta som innfallsport under kveldens foredrag i Tysværtunet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Mange ville høyre om det kloke valet

Sylfest Lomheim ville ikkje snakke om om kjensler og klassisk språkhistorie. Han ville presentere fakta om kvifor ein skal velje nynorsk. Og folk i Tysvær er svært så heldige, som snakkar så tett opp til nynorsk. Det gir ungar med nynorsk målføre ein kjempefordel seinare i livet, meiner han.

Språkprofessoren kunne vise til både fakta og undersøkingar som viser at dei som skriv nynorsk blir betre enn dei som berre har bokmål, i nettopp skriving.
– Dette handler ikkje om kjensler eller bonderomantikk, men knallharde fakta. Dei viser at dei som har nynorsk som sitt målføre i starten av si skrivetrening, faktisk skriv betre enn dei som ikkje har det. Så vil du det beste for ungane dine, så er valet lett. Vel nynorsk, forklarte Lomheim frå scenen i Tysværtunet.
Omlag 150 personar møtte opp for å høyre Lomheim. Saman med bandet Okersol sørga han for både kunnskap og for ei kulturell oppleving i storsalen. Møtet var arrangert av Tysvær Mållag.

Kvifor Lomheim er så bombastisk kan du lese i papiravisa på torsdag.