Om berre nokre månadar kan slike bilete frå Nedstrand vere historie. Når Sandsfjordbrua opnar vil ein legge ned dagens ferjesamband frå Nedstrand.
Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Nedstrandferja har problemer i morgentimene. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Ferjetrøbbel

Ferjeanløpa til Jelsa, Foldøy, Hebnes og Nedstrand har i dag vore kansellert på grunn av tekniske problem.

Nå skal ferja være på veg inn i ruta igjen og har avgangar etter timeplanen. Det var M/S Sjernarøy som hadde problem.
– Det som er mest irriterande er at me ikkje fekk vite om at ferje ikkje gjekk. Slik kan me ikkje ha det. Me venta folk, men dei kom aldri, sier ein Bygdeblad-tipsar frå Foldøy, tydeleg irritert på at ferja blei tatt ut av drift og ikkje erstatta.
Då me snakka med kvinna omlag klokka 14.30 hadde ho prøvd å få kontakt med selskapet, men ikkje lukkast.
15.45 gjekk ferja frå Judaberg, og er altså tilbake i drift, skriv Suldalsposten.