Me har nå fått heile avtalen, og det ser i utgangspunktet ut som ein avtale både Tysvær, og ikkje minst Bokn, kan leve godt med. For begge kommunane er ved eit slags vegskilje. Nye reglar frå staten gjer at dei er nøydt til å gjere grep uansett.
I mine auge har alltid Bokn vore ein nær venn, og nærast ein stebror til Tysvær. I den nye avtalen bli dette familieforholdet styrka, og Bokn blir eit fullverdig medlem av ein litt større familie.
For Bokn vil avtalen fysisk fjerne ein del av tenestetilbodet på øya. Det kan virke brutalt, og som eit inngrep i kvardagen til dei omlag 900 som bur der. Men eg trur faktisk det er inngrep som ville ha komme uansett.
Bokn er på mange måtar ein veldriven kommune, men som sjølvsagt har hatt mange utfordringar, spesielt når ein skal ut og slåss mot dei store. Når stat og fylkesmann raslar med sablane, er det ikkje lett å vere ein liten kommune.
Når avtalen gir Bokn vidare mulegheiter til å utvikle seg som ein del av distriktet i Tysvær, på linje med Frakkagjerd og Nedstrand, så er ikkje det noko tap, heller ein siger. Bokn vil vere ein svært viktig del av den nye kommunen, og mulegheiter for utvikling av bustadar og næring vil være store.
Eit anna pluss er at ein vil kunne nytte seg at dei erfaringane Tysvær har som administrator av tenester til 11.000 på den eine sida, og Bokn si erfaring med å gi tenester til ei mykje mindre gruppe innbyggarar på den andre. Det kan vere erfaringar begge tener stort på. I Tysvær har det vore interne kampar, bygd mot bygd, og distrikt mot sentrum. Å få med lokalpolitikarar på laget som har erfaringar med dette vil vere ein pluss.
Bokn skal ha folkeavstemming om kommunesamanslåing. Eg håper dei les intensjonsavtalen godt, snakkar saman og kjem fram til at tida nå er annleis enn den var sist dei gjekk til urna, og sa nei til Tysvær. Eg trur det er Bokn som er vinnaren i denne samanslåinga, og eg trur at Bokn i framtida, som ein del av Tysvær, vil være ein svært attraktivt stad både å bu og jobbe.
Kva så med Tysvær?
Om ein les avtalen overflatisk, og fort, så ser det ut som om dei berre har fått seg ein litlebror og at «hushaldningsbudsjettet» berre må justerast. Ein har fått behalde namnet, dei viktigaste offentlege kontora og heile Bokn kommune blir til ein ny kommunedel på linje med til dømes Nedstrand.
Likevel er det Tysvær som har presset på seg. Det er her ein skal gjere dei grepa som skal til for at nye Tysvær skal stå fram som ein harmonisk, framtidsretta og ekspansiv kommune. Det skal vere godt å bu i heile kommunen, og Bokn sin strategiske plassering ved Rogfast må nyttast ut 100 prosent.
Me er for, og det håper me at dei på Bokn og i Tysvær også er. Men det er lov å stille spørsmål, mange spørsmål i vekene som kjem.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør