Så var det ein dag då me kom inn på eit program som hadde gått på fjernsynet. Då fortalde dei at det hadde dei ikkje fått med seg, for på fjernsynet deira var det ikkje brukande lyd. Det var berre skurring. Slik hadde dei hatt det i lange tider. Då sa eg at dette måtte dei klaga på, men dei fortalde at det hadde dei gjort utan at det hjelpte. Då må dykk skriva om det i Bygdebladet sa eg. Dei sa dei ikkje var i stand til å skriva og spurde om ikkje eg kunne skriva eit lite stykke. Nå er det gjort, så får me sjå om det hjelper. Eg kan ikkje tenkja meg at dei som styrer i kommunen ynskjer å ha det slik. Det har ingenting med omsorg å gjere.
Med helsing
Dagfinn Helleøy