Sikkerhetsbelter og regelverk på buss

I mitt daglege arbeid som bussjåfør på ekspresbusser, er det positivt å sjå at Statens vegvesen saman med andre kjører på med kontroller og kampanje for seler i buss.

Me som har vore sjåførar ein del år, har med ulike mellomrom opplevd desse kampanjene. Me har i vår instruks å informere om beltebruk, dette har me gjort i mange år, også før det vart påbud ved lov.
Sikkerhet og rutiner rundt det er ein viktig og prioritert del av konseptet til NorWay buss systemet. Sjølvsagt er sjåførens jobb på dette feltet viktig, men også kva utstyr me har i bussane. Det er ikkje sjølvsagt for alle passasjerane å bruke beltet, dette minner me omfleire gonger på ein tur. I denne kampanjen er det sett fokus på kva som skjer når ein person er «laus» i bussen, og kva følger det får i ein uønska situasjon. Grunnen til eg skriver dette er å sette fokus på dette med sikkerhet og gi ros til dei som kjører denne kampanjen.
MEN, i bussane våre som me dageleg bruker, ca 2 år gamle, er alt utstyr på topp. Det er kun ein ting som me som sjåførar har bokstavleg talt hengande over oss, me kan ha inntil 17 personar ståande i midtgangen når me kjører. Desse bussane er sjølvsagt godkjennte av dei same statlege instans som nå kjører kampansje på sikkerhet. Kor er logikken i dette? At ein person som sitter uten belte er usikker og til fare for seg og andre, forstår me alle. Kav då med den personen som står bak i midtgangen ved ein bråstopp, han har ei oppløpsside på 12 – 13 m før han deiser inn i ein fronrute på 2,5 x 2 m. Denne problemstilling har eg tenkt på mange gonger, bør ikkje ansvarlege myndigheter sette ein stopper for ståplasser i bussar i morgon. ( gate og by bussar ikkje i dette).
Skal me kunne få forståelse for selepåbud, passer det dårleg når kunden ser opp og ser skilt på veggen med 17 ståplasser. I ptaksis prøver me å unngå å bruke dei, men det hjelper lite den dagen skaden har skjedd. Det er lite hjelp i å komme til seg sjølv
ute i småskogen eller i fronten på ein annan bil med ei plasstropp i handa, som personen hadde til å holde seg i, og tenkje dette var nå ein godkjennt måte å reisa på godkjennt av Statens vegvesen i Norge.

Svein Terje Brekke
Bussjåfør med belte