Slikl ser Brekke, Helgeland, Brekke for seg nye bustadar i Skjoldastraumen.
Slikl ser Brekke, Helgeland, Brekke for seg nye bustadar i Skjoldastraumen.

Skjoldastraumen «skyline»?

Arkitektkontoret Brekke Helgeland Brekke AS har på vegne av Askeland Byggmester AS sendt inn forslag til endring av eksisterande reguleringsplan for Skjoldastraumen. Der er det planlagt seks bueiningar. Går alt etter planen vil bygda få ein ny «skyline» bak dagens Coop-butikk.

Rådmannen har følgende uttalelse til planen:
– Ein av strategiane i kommuneplanen er å utvikle attraktive lokalsamfunn og opplevingar for både fastbuande og turistar. Rådmannen ser dette som eit tiltak som kan bidra til å gjere Skjoldastraumen til eit endå meir attraktivt lokalsamfunn. Oppføring av ei blokk med 6 bueiningar vil bidra til meir busetting i Skjoldastraumen og såleis skapa meir liv. Det er også eit fåtal av konsentrerte bustadar i området. Rådmannen meiner planforslaget viser gode planer for det aktuelle området.

Lågblokk
Det er planlagt seks bueiningar på omlag 90 kvadratmeter. Det er også planlagt naust knytt til desse. Olav Askeland har bygd liknande bustadar på Slåttevik.

Frist for innsending av merknadar vert sett til 28.04.2016.